NyheterNils Sverre og Svein med suveren siger
13.11.2018
4,5 bord og solid siger til Nils Sverre-Svein føre Magnar og Herman og Thomas-John Inge.
Delt førsteplass.
07.11.2018
Første kveld med trekt makker gav delt siger mellom Nils Sverre-John Inge og Ketil-Nils. Same opplegg komande tysdag ‘og.
God start i 4.divisjon.
04.11.2018
Hafslo/Solvorn sitt lag ( Nils Sverre, Torstein, Tor, Sverre og Ketil) vann 5 av 6 kampar og ligg på andre plass etter 1. helg i årets 4.divisjon. Labakkalaget med John Inge på laget ligg på plassen bak. Resultat på heimesida til Sogn bridgekrins.
Solid sogndalsiger på samspelkvelden
31.10.2018
Teknikken var ikkje på vår side på siste samspelkveld, og difor vart det ei amputert turnering, der det vart sett strek etter kun 18 spel. Best av alle vart Svein og Kai med småpene 70%. På dei øvrige pallplassene kom Jonny-Arnt Ola og Torstein-Nils Sverre. Dei to komande tysdagane trekker me makker.
Siger til John inge og Tor.
23.10.2018
4 bord i kveld og siger til Tor og John Inge føre Torstein-Nils Sverre og Sverre-Nils. Komande tysdag er det klart for andre samspelkveld, denne gongen på heimebane.
Klubbturneringa er i gang.
17.10.2018
1. kveld i klubbturneringa,som går til april, vart vunne av Torstein-Nils Sverre føre Ketil-Ole Herman og Sverre-Ivar.
Hafslo/Solvorn vann første kamp i NM
15.10.2018
Hafslo/Solvorn ( Nils Sverre-Torstein-Ketil-Sverre) slo Sogndal 4 103-47 i første kamp i NM for klubblag. Neste motstandar er Sogndal 1 seinare i haust.
Siger til Sverre og Nils
07.10.2018
Sverre og Nils vann tredje oppvarmingskveld føre Tor-John Inge og Nils Sverre-Torstein. I tillegg var spelekvelden ein sokalla simultanturnering med 920 par frå Sverige og Norge på startstreken. Her vart Nils Sverre- Torstein best av våre på 178. plass. John Inge-Tor kom på 284. plass og Sverre-Nils på 338. plass. Fullstendig resultatliste på heimesida til NBF.
|