NyheterHafslo ute av NM
10.01.2018
Hafslo (Nils Sverre-Tor og Sverre-Ketil) gjekk på eit stortap mot Måløy i 3. runde av NM for klubblag. - Eg kan umuleg vinne kampar åleine, og mot sju motspelarar måtte det gå som det gjekk, seier kaptein Jo Ketil og varslar store utskiftningar framfor neste sesong.
Årsmøte 13. februar.
09.01.2018
I samband med klubbkvelden 13. februar vert det halde årmøte. Ta kontakt med leiar John Inge om det er saker du ønskjer å ta opp.
Nils Sverre-Torstein vann i kveld.
09.01.2018
5 bord på startstreken og siger til Nils Sverre-Torstein med Ketil-Ole Herman og Tor-John Inge på dei øvrige pallplassane.
Hans Herman-Arve Bjørn med knepen siger.
02.01.2018
Hans Herman og Arve Bjørn starta nyåret best og vann med knapp margin til Nils Sverre-Torstein. Ola og Herman kapra siste pallplassen.
Travel bridgejul for klubbleiaren
31.12.2017
Jula er ei travel tid for dei ivrigaste bridgespelarane, og i den kategorien finn me utvilsomt John Inge. Det starta med andreplass i Årdal i lag med Tor, fortsette med tredjeplass med Arve Bjørn i Sogndal (her vart Tor nummer to i lag med Reidar Johnsen), deretter 6.plass i Skjolden med Tor, før det heile vart avslutta med fjerdeplass i Førde i makkerskap med Willy Myhre. Gratulera med mange fine plasseringar. Resutatlister er å finne på heimesidene til arrangørklubbane.
Sogndalsiger på juleavslutninga.
20.12.2017
Heile 11 bord på startstreken og suveren siger til Gullstein og Tor Henning, føre Ketil-Ole Herman og Arve Bjørn-John Inge. Då gjenstår det å ønskje god jul og samstundes minne om juleturneringane i Sogndal tredje dag og på Skjolden femte dag. Vel møtt igjen tysdag 2.januar.
Ketil-Ole Herman toppa
12.12.2017
5 bord på startstreken og solid siger til Ole Herman og Ketil. På pallen forøvrig, Geir-Svein og Arve B-John Inge. Komande tysdag er det klart for det tradisjonelle julebordet og samspel i lag med Sogndal, den einaste turneringa der alle får premie. Me reknar med rekordpåmelding og minner alle på å ha med ei lita julegåve.
Jonny og Jan Frode med suveren siger.
05.12.2017
Dei kom frå Skjolden for å hevde seg i MP-turneringa, men det vart det dessverre ikkje noko av. Feil kortsett gjorde at turneringa gjekk ut både her og i Sogndal. Difor måtte Jonny og Jan Frode ta til takke med siger i klubbturneringa, suverent føre Tor-John Inge og Nils Sverre-Torstein.
|