NyheterSiste kveld i samspelsturneringa 2016-2017
25.04.2017
25.04 er den åttande og siste samspelskvelden for i år. Dei seks beste kveldane tel i samandraget og før siste kveld ligg Nils Sverre - Torstein på andreplass. Jamnt i teten på siste singelkveld.
18.04.2017
Oddstein toppa poenget føre Torstein og Ivar på tredje og siste kveld i singelturneringa. Nils Sverre vann samanlagt og fullstendig resultatliste kjem om ikkje so lenge. Komande tysdag avsluttar me samspelsesongen på heimebane. Aurlendingar vann påsketurneringa.
13.04.2017
Reidar Johnsen-Sivert Bakk frå Aurland vann årets påsketurnering med Stig Rune-Hans Herman og Terje Garseg-Allan Livgård på dei øvrige pallplassane. Trass i skuffande deltaking frå Skjolden, Gaupne og eigen klubb, var det likevel 30 par på startstreken. Turneringa gjekk prikkfritt, Ellen stod for framifrå mat, og deltakarane kosa seg i ein hyggeleg og avslappande atmosfære. Spelestensilar og resultat i linken øvst.
Nils Sverre toppa 2. Kveld i singelturneringa.
06.04.2017
Med over 70% skår var det lite å gjere med Nils Sverre på siste spelekveld. Stig Rune kom nærast. 3. og siste kveld i singelturneringa vert 18. april. Nils Sverre leiar samanlagt medan John Inge og Oddstein deler andreplassen. Hans Herman og Stig Rune vart lustrameistrar.
05.04.2017
6 bord på startstreken og suveren siger til Hans Herman -Stig Rune. Fin tredjeplass til Jan i par med Mariusz.
Arve Bjørn-Hans Herman vann samspelkvelden.
28.03.2017
8,5 bord på startstreken og suveren siger til Hans H og Arve Bjørn på samspelkvelden på Campus. Nils Sverre-Torstein kom på plassen bak og Kiel-vinnarane Svein og Kai på tredjeplass. Resultat på heimesida til Sogndal BK. Neste tysdag 4/4 er det 2. kveld i singelturneringa, men før det,førstkomande laurdag, kårar me årets lustrameistar på Lustraporten.
John Inge leiar singelturneringa
21.03.2017
John Inge og makker Tor spelar betre kvar for seg enn når dei romsterer ilag. Førstnemnde har teke leiinga etter første kveld, med Tor på andre og Oddstein på siste pallplass.
Neste kveld med singel er 4.april. I mellomtida, 28/3 er det samspel på Campusen.
Lustrameisterskapen for par 2017
14.03.2017
Hafslo/Solvorn BK står som arrangør av årets Lustrameisterskap for par og det finn stad på Lustraporten laurdag 1/4 kl.17.00. For kr. 300 får du spele bridge med ferdiglagde kort, høve til å vinne klubbpoeng og premie, biffgryte, kaffi heile kvelden, og ikkje minst; ein kveld i ein beint fram hyggeleg atmosfære. Høve til å kjøpe forfriskningar. Påmelding til John Inge på tlf. 91594421.
|