NyheterIvar og Magnar vann klubbmeisterskapen 2016
15.04.2016
Gullstein og Mariusz stakk av med den mest dyraste Cognacen, men den gjeve tittelen som årets klubbmeistar i Hafslo/Solvorn BK kunne dei derimot ikkje titulere seg med. Det nykomponerte paret, Magnar og Ivar, vann med knapp margin føre Ketil og Sverre. Alt i alt ein svært hyggeleg fredagskveld med fin atmosfære, årsmøte, premiering for årets turneringar, og ikkje minst kjempegod mat og flott sørvis på Lustraporten.
Klubbmeisterskapen 2016 på Lustraporten komande fredag kl.18.00.
13.04.2016
Klubbmeisterskapen vert, som dei to siste åra, arrangert på Lustraporten I tillegg vert det årsmøte og premieutdeling samt servering av biffgryte. Prisen er 200 kr som inkluderer kaffi heile kvelden. Det vert høve til kjøp av forfriskningar. Velkommen til ein hyggeleg fredagskveld!
Det tettar seg til i toppen på singelturneringa.
13.04.2016
Ketil og Ivar var best i andre runde på singelturneringa, men Svein er framleis i leiinga tett følgt av Ivar og Nils Sverre. Komande tysdag vert det avgjort om han har nervene under kontroll og sikrar seg sin andre singeltriump i årets sesong.
Svein i føringa på singelturneringa
05.04.2016
Først vann han singelturneringa med trekt makker, og no har han likegodt teke ei suveren leiing i singelturneringa over tre kveldar. Me snakkar altso om Svein Thorstensen på Luster Energiverk. Ikkje so altfor langt bak ligg Nils Sverre og Ivar.
Delt siger i Lustrameisterskapen.
04.04.2016
Bridgespelarane frå indre delar av kommunen forsynte seg med alle premiene under årets Lustrameisterskap. Best av alle vart Lena-Jan Frode og Hans H.-Stig Rune på delt førsteplass med Jon og Jonny på siste premieplass. Sverre og Ketil var best av hafslobygdingane med den sure fjerdeplassen. Super mat og eit flott arrangement av Gaupne BK. Resultat på heimesida til klubben.
Heile 9 bord på samspelkvelden.
29.03.2016
Det var rekorddeltaking på samspelkvelden på Campus med 9 heile bord. Best av alle vart Stig Rune og Hans Herman med Tor-John Inge og Nils Sverre-Torstein på delt tredjeplass. Siste tysdagen i april er det avslutning på samspelkveldane denne sesongen, då med Hafslo som arrangør. Resultat på heimesida til Sogndal BK
Johnsen-Kirkebøen vann påskebridgen.
23.03.2016
Reidar Johnsen-Ole Magne Kirkebøen sat på leiarbordet frå start til mål, og vann påskebridgen med god margin. Av våre lokale heltar vart Sjur og Mariusz best på fjerde med Nils Sverre-Torstein på plassen bak.
Jamnt i toppen
15.03.2016
Nils-Stig Rune og Nils Sverre-Torstein delte førsteplassen i kveld med Jonny-Hans Herman på tredje. Første tysdag etter påske er det samspelkveld på Campus.
|