NyheterSuveren siger til Magnar og Geir Arne
09.03.2016
Med 63 % skår var det ingen som kunne truga Magnar og Geir Arne på siste klubbkvelden. Nils Sverre og Torstein vart nærast tett følgt av Ernst og Svein.
Påsketurneringen 2016
02.03.2016
Nils Sverre-Torstein vann i kveld
01.03.2016
Nils Sverre og Torstein til topps med Stig Rune-Nils og Svein-Ernst på dei øvrige pallplassane.
Nils Sverre og Torstein vann samspelkvelden.
23.02.2016
7 bord på startstreken og heimesiger til Nils Sverre og Torstein med Merethe-Tor Henning og Jonny-Stig Rune på dei øvrige pallplassane. Nils Sverre og Torstein framleis i leiinga i samandraget. Sjur og Mariusz gjekk forbi John Inge og Tor. Magnar og Ivar vann med minst muleg margin.
09.02.2016
4.kveld med trekt makker vart ein rekordjamn klubbkveld både i toppen og botnen. Magnar og Ivar toppa med 9 pluss. Deretter følgde dei tre neste med 8,7 og 6 pluss. Dei fire siste hadde og 9,8,7 og 6 poeng men naturlegvis med minus fortegn. 3.divisjon for Hafslo/Solvorn, lag Fredheim, også komande sesong.
03.02.2016
NBF har bestemt at dei tre laga ( to frå Bergen og eitt frå Høyanger) som ikkje møtte til siste helga i 3. divisjon, må ta den tunge vegen ned i 4.divisjon. Dermed får lag Fredheim fornya tillit i divisjonen også komande sesong. Oppdatert resultatliste med spelestensilar og butler finn du på heimesida til Sogn og Fjordane bridgekrins.
Jonny og Hans Herman vann i kveld.
02.02.2016
Jonny og Hans Herman øver til Km-finalen og viste med siger i kveld at formen er Inne. På plassane bak følgde Herman-Torstein og Ketil-Svein.
Lag Hamrum berga plassen i 3.divisjon.
31.01.2016
Ein solid siger i avslutningskampen mot avdelingsvinnarane frå Sogndal bidrog til at Hafslo/Solvorn, lag Hamrum, sikra plassen i årets 3.divisjon. Og denne gongen med sjeldan god margin. Det andre hafslolaget, lag Fredheim, ligg per no på nedrykksplass, men all sunn fornuft tilseier at forbundet gjer endringar som følgje av at to bergenslaget og eit høyangerlag ikkje fann vertilhøva trygge nok til å stille opp i helga!? Resultatlista ligg på heimesida til Sogn og Fjordane bridgekrins. Her har alle laga som som ikkje fekk spelt sine kampar fått 12 VP, inkludert dei tre laga som ikkje møtte opp. Gratulera so mykje til Sogndal, lag Mardal, som neste år er å finne i 2.divisjon!
|