NyheterIvar vann begge kveldane med trekt makker.
10.10.2017
Med 66 prosent skår vart det ein klar siger til Nils Sverre-Ivar på første kveld med trekt makker. Kjekt å sjå Margunn og Ove tilbake i klubben, og trass i minimalt med speling dei siste åra, kom dei på ein fin tredjeplass. På den andre kvelden var det Ketil som hadde glede av å ha Ivar som makker, og dermed to sigrar til Ivar på dei to første av fire kveldar med trekt makker.
John Inge vann Førdeturneringa.
01.10.2017
Kun 20 par på startstreken, men flott siger til John Inge-Øyvind Henden på den årvisse turneringa i Førde. Resultat på heimesida til Førde BK
Ernst-Arve Bjørn beste hafslopar på samspelkvelden.
01.10.2017
Heiie 9 bord på første samspelkvelden med Sogndal. Heimesiger til Gullet og Tor Henning føre Lena-Jan Frode og Ernst-Arve Bjørn
Nils Sverre-Torstein vann andre oppvarmingskveld.
19.09.2017
Tre par over middels på siste oppvarmingskveld, med Torstein-Nils Sverre øvst og Tor-John Inge og Magnar-Geir Arne på dei øvrige pallplassane. Komande tysdag møtest me på Campus for sesongens første samspelkveld.
Åleine i toppen
12.09.2017
Først kom Arve Bjørn og Ernst, deretter resten. Med andre ord; utklassing på første oppvarmingskveld. Oppvarming komande tysdag óg, før me har samspelkveld på Campus 26. september.
Ketil-Ole Herman vann klubbmeisterskapen
06.05.2017
Etter ein god sisterunde gjekk Ole Herman-Ketil frå femteplass til topps i årets klubbmeisterskap. Det var med andre ord rekordjamnt heilt inn til målstreken. Delt sølvplass mellom John Inge-Mariusz og Kjell Inge-Kjell. Grunna fråfall av sentrale medlemmar i styret, vart det bestemt at årsmøtet vert halde på eit seinare tidspunkt. Likevel, ei hyggeleg sesongavslutning og stor takk til Lustraporten for framifrå mat og god sørvis
Dobbelsiger til sogndølene på siste samspelkvelden.
02.05.2017
Erik Flåten-Norodd Rutlin til topps med klar margin. Rune Loftesnes-Øystein Vikesland og Nils Sverre-Torstein kom på dei øvrige pallplassane. Samanlagt (6 beste av 8 kveldar) vann Nils Sverre-Torstein med fattige 0,4% til Mariusz-Sjur. Gi beskjed om de finn noko feil på resultatlista slik at me får retta opp i det. Det er spelt totalt 8 kveldar og dei seks beste kveldane er teljande. Klubbmeisterskapen 2017 på Lustraporten
25.04.2017
Hafslo/Solvorn BK inviterer til klubbmeisterskapen 2017 komande fredag kl 18.00 I tillegg vert det årsmøte, premieutdeling for årets turneringar i klubben, samt servering av biffgryte/ dessert og kaffi for kr. 250. Det vert høve til å kjøpe forfriskningar undervegs. Ønskjer du å spele, men manglar makker er det berre å ta kontakt med John Inge eller Torstein, so skal me sjå kva me får til. Vel møtt til ein hyggeleg sesongavslutning i klubben.
|