Med 66 prosent skår vart det ein klar siger til Nils Sverre-Ivar på første kveld med trekt makker. Kjekt å sjå Margunn og Ove tilbake i klubben, og trass i minimalt med speling dei siste åra, kom dei på ein fin tredjeplass. På den andre kvelden var det Ketil som hadde glede av å ha Ivar som makker, og dermed to sigrar til Ivar på dei to første av fire kveldar med trekt makker.