NyheterNils Sverre- Torstein vann andre oppvarmingskveld.
18.09.2018
Torstein - Nils Sverre vann i kveld føre Tor - John Inge. Jo Ketil - Ole-Hermann kom på tredjeplass. Andre kvelden med Bridge+More og framleis litt fomling, spesielt med resultatservicen. Dette betrar seg sikkert når me vert meir røynde. Neste tysdag er det samspel med Sogndal Bridgeklubb på Fosshaugane Campus - Heimen til Sogndal
Samspel 2017 - 2018
17.09.2018
Samspelet vart i 2017-2018 vunne av Tor Henning og Gullstein. John Inge - Tor vart nummer to og Jan Frode - Lena kom på tredjeplass. Resultat seks beste kveldane av åtte totalt.
Samspel 2018-2019 byrjar 25.9 i Sogndal. Då vert det og premieutdeling for i fjor.
Kjekk sesongstart med BridgeMore
11.09.2018
For første gong fekk me prøve BridgeMore i klubben, og trass i litt nybyrjarproblem, og manglande resultatsørvis, er det liten tvil om at dette er framtida. Utover hausten skal me nok få utnytta utstyret på best muleg måte. 3,5 bord på startstreken og klar siger til Torstein-Nils Sverre med Magnar-Geir Arne og Arve Bjørn-Ernst på dei øvrige pallplassane.
Arve Bjørn og Ernst vann klubbmeisterskapen.
27.05.2018
Dei leia frå start til mål, og vann tilslutt med klar margin. På premieplassane bak Arve Bjørn og Ernst, følgde Hans Herman-Jonny og Sverre-Ole Herman. Alt i alt ein svært hyggeleg fredagskveld, og ein stor takk til Lustraporten for framifrå mat og god. sørvis.
Klubbmeisterskapen 2018
06.05.2018
Hafslo/Solvorn BK inviterer til klubbmeisterskapen 2018 fredag 25.mai kl 18.00 på Lustraporten. I tillegg vert det premieutdeling for årets turneringar i klubben, samt servering av biffgryte/dessert og kaffi for kr. 250. Det vert høve til å kjøpe forfriskningar undervegs. Ønskjer du å spele, men manglar makker er det berre å ta kontakt med John Inge eller Torstein, so skal me sjå kva me får til. Vel møtt til ei hyggeleg sesongavslutning i klubben.
Sommarbridge 2018
02.05.2018
Sommarbridgen 2018 startar 15.mai. Arrangør er Sogndal BK og spelestad vert som vanleg på Fosshaugane Campus.
Torstein vann Rune Veum si minneturnering
02.05.2018
Saksa frå Gaupne BK si heimeside "Turneringa 30.april vart en verdig og koselig turnering til minne om Rune og hele 40 stilte til denne singelturneringa. Torstein Lomheim vann føre Hans Hermann og med Mariusz på tredje. Takk til alle frå Vik, Årdal, Leikanger, Sogndal, Skjolden, Hafslo og oss frå Gaupne for deltakelsen. Spesiell honnør til Øystein Vikesland og Jan Molland som de 2 eldste, og Gaupne Bridgklubb benytta anledningen til å gi Jan en hyllest for lang og tro tjeneste i bridgemiljøet. Han har delteke i klubben helt fra stiftelsen i 1955, men starta opp med bridge flere år før det. Takk for denne gang, og velkommen tilbake neste år, samme tid og samme sted."
Resultat på Gaupne BK si heimeside.
Hans Herman vann singelturneringa,
17.04.2018
Singelturneringa over tre kveldar vart vunnen av Hans Herman med Tor på andre og Sverre på tredjeplass. Komande tysdag avsluttar me sesongen med samspelkveld med Sogndal på heimebane.
|